Etter at heimen i Søvika blei totalskadd i brann, stod Finn Harald Kvammen og familien utan det meste dei eigde. Men hjelpa lét ikkje vente på seg. Naboar, venner, idrettslag og kommunen stilte opp for familien i ei vanskeleg tid.
Heimelaga såper, strikkeplagg, måleri og julepynt var noko av det dei besøkande kunne finne då Haram Husflidlag arrangerte julemarknad på Haramssenteret i Brattvåg laurdag.
Per Arnfinn Hånes har brukt store delar av livet på å ta vare på lokalhistoria i Hamnsund sokn. No er han utnemnd til æresmedlem i sogelaget han sjølv var med på å stifte.
Då gutane på Norborg/Ravn sitt G13-lag fekk vite om bustadbrannen i Søvika halloweenkvelden, bestemte dei seg for å gjere noko for å hjelpe. Også Brattvåg IL stilte opp med treningsutstyr for å gjere vegen tilbake til fotballbana enklare.
Anna-Lisa (8) og familien hadde lenge ønskt seg ei veslesøster. Då Edel (5) kom, måtte Anna-Lisa plutseleg dele på mamma og pappa. I episode tre av «Bli med heim» på NRK Super viser Anna-Lisa korleis kvardagen på Hellestranda endra seg då familien blei fosterheim.
Lisa Alvestad (Sp) siktar mot ordførarklubba i 2027 – med ein nyfødd baby på armen. 39-åringen har termin i april, og lovar velgarane at ho ikkje kjem til å ta ut permisjon dersom ho vinn valet.
Eg har nyleg vore i Afrika, nærare bestemt i Kenya og i Kibera-slummen, som er Afrikas nest største slum, og den fjerde største slummen i verda. Å vere på heimebesøk i slummen gjer noko med ein....
Etter sju år borte frå partiet – inkludert eit gjestespel hos Høgre – er den tidlegare FrP-toppen Svein Harsjøen tilbake på vallista til Haram FrP. Ordførarkandidat Caroline Kjerstad Grønli jublar for å få veteranen med på laget.